Smaken av fjell, fjord og fonn

Opplev Hardanger på den rette måten. Besøk ein av dei mange frukt og sidergardar, og ta del i tradisjon og kultur. Smak på noko av det beste Hardanger har å by på.

Taste Hardanger

Finn di smaksoppleving

Fjord og fruktsafari

Øystese-Steinstø

Fjordsafari med RIB, vandring i flotte frukthagar og smaking av eplemost / sider.

Steinstø Fruktgard

Steinstø

Steinstø Fruktgard ligg idyllisk til i fredelege omgjevnader ved den vakre Hardangerfjorden. Steinstøslekta har drive garden i ni generasjonar.

Spildegarden

Øystese

I idylliske Øystese held Spildegarden til. Her har dei i fire generasjonar produsert ypperlege produkt av eple, frukt og bær, og har med rette fått tilnavnet eplemostspesialisten i Hardanger.

Sjuragarden

Norheimsund

Sjuragarden ligg vakkert til i fjøresteinane ved Hardangerfjorden på Valland i Norheimsund.

Hardangerbonden

Sekse

Foreidling av eigne råvarer gjennom produksjon av eplemost og sider, og hausten 2020 lanserer Hardangerbonden sine fyrste produkt.

Hardangergutane

Børve

Ved kaien på Børve produserar dei et mangfald av eplemoster og sider, og inviterar deg gjerne inn for ein omvisning og smak. www.hardangergutane.no

Store Naa Siderkompani

Odelsgutt Eirik er 10. generasjon på garden, og lagar sider som bygger på tradisjon og historie, ispedd pågangsmot og oppfinnsomhet.

Kvestad Sideri

Under Folgefonna i Hardanger ligg Kvestad Sideri der garden har produsert eple og laga sider i generasjonar.

Edel Sider, Åkre Gård

Garden Åkre er lokalisert på vestsiden av Sørfjorden i Ullensvang og ligger optimalt plassert for å produsere de beste eplene for en syrlig, frisk og balansert eplemost og ­sider.

Hardanger Cideri

Aga

Mykje frukt sorterast ut på grunn av storleik, form, farge eller skjønnhetsfeil. Desse nydlege råvarene vert nytta til å laga prima most og sider til deg.

Alvavoll Frukt & Sidergard

Lothus

Alvavoll ligg på ei morenehøgd rett ovom Lofthusbygde, og navnet tyder på at dette har vore ein kultstad med guddommelege rørsler.

Lofthus Ekspedisjon

Lofthus

Lofthus Ekspedisjon har sida 2009 drifta eige handverksbruggeri der dei bruggar Hardangerøl og set Sider frå Hardanger. Ekspedisjonen freistar foreina gamle bruggeskikkar frå Hardanger med moderne produksjonsutstyr og fagleg tyngde. Bruggerimeister Fredrik Opedal garanterer for kvalitet og smak!

Lofthus Sideri

Lofthus

Lofthus Sideri er fire nabobruk på Lofthus som i lag samarbeider om å laga god eplejuice og sider.

Helleland gard

Lofthus

Helleland Gard ligg på Lofthus i Hardanger, og har sidan 2017 produsert Heldre sider og saft i tråd med tradisjonell vestlandsk fruktproduksjon.

Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Ulvik

Fruktbonde og siderprodusent Nils Lekve ynskjer deg velkomen til Hardanger Saft. og Siderfabrikk. Nils lagar eit rikholdig utval av sider, eplemost og brennevin.

Sidersafari

Sørfjorden mellom Lofthus og Odda

Kombiner eit unikt fjordcruise på Sørfjorden med besøk på sidergard. Skreddarsydde pakkar som inkluderar fjordcruise, gardsbesøk og sidersmaking.

Harding Sideri

Grimo

Harding Sideri er den einaste økologiske siderprodusenten i Hardanger, og er drive av Jan Ove Nes.

Frukt og Siderruta i Ulvik

Gardane: Hakastad, Lekve, Syse

Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik i Hardanger. Her kan du vandra frå gard til gard og ta del i ulike opplevingar som gardsbutikk, omvising, sidersmaking.

Ulvik Frukt & Cideri

Ulvik Frukt & Cideri

Ulvik

Siderprodusent og fruktdyrkar Asbjørn Børsheim tek deg vel i mot på Ulvik Frukt & Cideri. Velrenomert og prisvinnande sider og mostprodusent.

Syse Gard

Ulvik

Gro og Hans Uglenes ynskjer deg velkomen til Syse gard. Syse gard er eit Economuseum, spesialisert i vidareforedling av frukt og kjøt. Rikhaldig utval av most, sider, syltetøy og tradisjonsmat.

Hardangerfjord cruise

Norheimsund til Eidfjord

Reis på Fjordcruise langs den 179 km lange Harangerfjorden, også kalt «Dronningen av norske fjorder». Båten starter fra Norheimsund kai og tar deg helt innerst i fjorden til bygda Eidfjord.

Alde Sider

Indre Bleie, 5776 Nå

Alde er eit gamalt navn for eple i Hardanger, og mannen bak Alde Sider er Olav Bleie. Han driv familiegarden der eple har vore dyrka i generasjonar.

Kveik Brygghus

Ulvik

Sider og ølprodusent i Hardanger. Produsent i oppstartsfasen.

Aga Sideri

Aga

I det best tenkelege klima for fruktdyrking vert epletrea dulla og stelt fint med heile året.

Fjord og fruktsafari
Steinstø Fruktgard
Spildegarden
Sjuragarden
Hardangerbonden
Hardangergutane
Store Naa Siderkompani
Kvestad Sideri
Edel Sider, Åkre Gård
Hardanger Cideri
Alvavoll Frukt & Sidergard
Lofthus Ekspedisjon
Lofthus Sideri
Helleland gard
Hardanger Saft- og Siderfabrikk
Sidersafari
Harding Sideri
Frukt og Siderruta i Ulvik
Ulvik Frukt & Cideri
Syse Gard
Hardangerfjord cruise
Alde Sider
Kveik Brygghus
Aga Sideri

Opplev frukt og Siderruta i Ulvik

14. juni 21. august

Frukt og siderruta i kombinasjon med omvising og smaking på ein av gardene: Hakastad, Lekve, Syse

+-
Vis detaljar

Oppmøte:

På garden: Velg din gard og ditt tidspunkt ved bestilling

Tidspunkt:

Kvar måndag til fredag kl 13:00 eller kl 16:00

Varighet:

ca 1 time

Pris:

350,- per person. Born 7- 17 år 50% rabatt, born 0- 6 år gratis

Inkluderar:

Omvising. Smaking av sider og fruktprodukt. Opplev historie, kultur, tradisjon og folket. Gardsbutikk

Sidersmaking på Spildegarden

21. juni 12. august

Ei velsmakende vandring i eplesider si verd. Jane og Geir Henning ynskjer deg velkomen til gards

+-
Vis detaljar

Oppmøte:

På garden, Spildegarden, Nedre Vik 78, 5610 Øystese

Tidspunkt:

Avhengig av dag

Varighet:

Ca 1,5 time

Pris:

450,- per person

Inkluderer:

Omvising. Smaking av sider og fruktprodukt. Opplev historie, kultur, tradisjon og folket. Gardsbutikk

Sidersmaking på Helleland gard, Heldre sider

04. juni 31. august

Ta turen til Helleland gard og smak Heldre sider. Få innføring i Sider frå Hardanger og hels på gardsfolket.

+-
Vis detaljar

Oppmøte:

Helleland gard

Tidspunkt:

17:00

Varighet:

Ca 45 min

Pris:

350,- per person

Inkluderer:

Smaking, omvising på sideriet, gardsbesøk

Hardangergutane

Sidersmaking hjå Hardangergutane kl 12:30

04. juni 26. september

Få innføring i Sider frå Hardanger, besøk folka bak Hardangergutane og smak utvalget av lokaprodusert sider. 

+-
Vis detaljar

Oppmøte:

På Børve kai

Tidspunkt:

12:30

Varighet:

Ca 1.5 time

Pris:

400,- per person

Inkluderer:

Smaking, besøk og omvising på siderfabrikk, innføring i siderproduksjon og fruktdyrkning

Rutetider til siderbåten

Hald deg oppdatert på nyhende 
om frukt og sider

Ved å klikka "send inn" stadfestar eg personvernerklæringen