Utforsk våre sidergardar

Aga
I det best tenkelege klima for fruktdyrking vert epletrea dulla og stelt fint med heile året. Epla vert varsamt plukka og frakta til gards. Her får dei seg ein vask før dei vert rive i filler og most til jusen sprutar. Desse edle dråpane vert tekne vare på, og med litt tid, litt magi og litt hardt arbeid sitt ein att med noko heilt fantastisk: Aga sider..
Indre Bleie, 5776 Nå
Alde er eit gamalt navn for eple i Hardanger, og mannen bak Alde Sider er Olav Bleie. Han driv familiegarden der eple har vore dyrka i generasjonar. Alde Sider lagar fyrsteklasses eplemost og eit rikhaldig utval av sider frå Hardanger.
Lofthus
Alvavoll ligg på ei morenehøgd rett ovom Lofthusbygde, og navnet tyder på at dette har vore ein kultstad med guddommelege rørsler. På garden er det funne mange gravrøyser og ein runestein frå år 300, “Opedalsteinen”. På garden vert det i dag produsert eple, plommer, pærer, honning, saft og sider.
Nå
Garden Åkre er lokalisert på vestsiden av Sørfjorden i Ullensvang og ligger optimalt plassert for å produsere de beste eplene for en syrlig, frisk og balansert eplemost og sider. Garden vert i dag dreven av Arita & Gjermund Åkre. Kvalitet, smaksoppleving, kortreiset, naturleg og elegant er nokre av nøkkelorda når produkta vert til.
Gamlevegen 54, 5777 Grimo
Hajen Sideri er drifta av Ove og Merethe. Dei har ein gard med hovudproduksjon av eple og plommer. Presseple nyttar dei til sider, og laga ein liten, eksklusiv produksjon på eit par tusen liter pr sesong. Dei tilbyr gardsutsal med eplemost, sider, eple- og ripsgele.
Ulvik
Fruktbonde og siderprodusent Nils Lekve ynskjer deg velkomen til Hardanger Saft. og Siderfabrikk. Nils lagar eit rikholdig utval av sider, eplemost og brennevin og ynskjer deg gjerne velkomen på besøk.
Sekse
Foreidling av eigne råvarer gjennom produksjon av eplemost og sider, og hausten 2020 lanserer Hardangerbonden sine fyrste produkt. Les meir om Hardangerbonden og om produkta deira på her:
Børve
Hardangergutane har ein visjon om å laga Noregs nasjonaldrikk, og dei jobbar kontinuerleg for å tilby gode og ekte produkt som skal vera både smakfulle og innbydande.
Grimo
Jan Ove starta å lage sider på eigen hand då han etter ei tids opphald utanbys flytta heim for å ta over familiegarden på Nes i Grimo. Det var bestefaren til Jan Ove som lærte han å laga sider, men med tida har den originale oppskrifta fått nokre justeringa.
Lofthus
Garden har vore i familiens eige sidan 1684, og i dag er det Olav H. Helleland som styrer dagleg drift. Før var det allsidig landbruk på garden, men dei siste 50 åra har fruktdyrking vore i fokus. Helleland Gard dyrkar eple, pærer og plommer, og brukar frukta til å produsera herleg kvalitetsdrikke.
Ulvik
Aldegarden/Kveik Brygguhs held til i Ulvik.
Dei produserar sider og øl basert på handverkstradisjonar.
Produsent i oppstartsfasen
For kontakt send mail til: rolf.tore@aldegarden.no
Nå
I dag er Kvestad Sideri AS ein familiebedrift bestående av Ellen og Haakon, døtrene Hilde og Marianne, deira sambuara Andre og Olav Arne, og deira søskenbarn Ole Kristian. Med ein god blanding av ulik kompetanse og erfaring jobbar dei godt i lag og driv sideriet samen.
Lofthus
På Lofthus Ekspedisjon bryggar dei ekte Sider frå Hardanger og Hardangerøl. Bryggerimeistre Fredrik Opedal og Geir Utne garanterar for kvalitet og smak. Her freistar dei forena gode gamle hardangerske bryggeriskikkar med moderne produksjonsutstyr og fagleg tyngde.
Lofthus
I bratte skråningar dyrkar dei epla, solrikt til vendt mot sørvest. I lag med eit godt jordsmonn og gunstig klima med lange sommardagar gjev dette epla den søte og syrlege smaken som er så viktig for ein god eplejuice, og ikkje minst, ein god sider.
Norheimsund
Ein typisk vestlandsgard som gjennom 9 generasjonar har vore gjennom fleire driftsformer, som mjølkeproduksjon. I dag er Sjuragarden ein fruktgard med hovudvekt på epleproduksjon. Her lagar dei eplajuice, syltetøy, gele, chutney, marmelade og Sider frå Hardanger.
Øystese
Her har dei i fire generasjonar produsert ypperlege produkt av eple, frukt og bær, og har med rette fått tilnavnet eplemostspesialisten i Hardanger. Jane og Geir Henning dyrkar både råvarer og produserar ferdigvarer. Her kan du oppleva eit mangfald av eplemost, sider og syltetøy.
Nå
Midt i Sørfjorden i Hardanger ligg garden 57 bruk nr. 2, og det er her Store Naa Siderkompani held til. Odelsgutt Eirik er 10. generasjon på garden, og lagar sider som bygger på tradisjon og historie, ispedd pågangsmot og oppfinnsomhet.
Ulvik
Gro og Hans Uglenes ynskjer deg velkomen til Syse gard. Syse gard er eit Economuseum, spesialisert i vidareforedling av frukt og kjøt. Rikhaldig utval av most, sider, syltetøy og tradisjonsmat.
Syse gard tilbyr også Siderplanke og Spekefjøl som eigne bestillingsprodukt.
Ulvik
Siderprodusent og fruktdyrkar Asbjørn Børsheim tek deg vel i mot på Ulvik Frukt & Cideri. Velrenomert og prisvinnande sider og mostprodusent.